torsdag 19. mai 2011

Feriebøker for heile familien!

Boka på stranda
Skal du ha ferie ved sjø eller vatn i hytte eller på camping? Ta deg ein tur på biblioteket  - her finn du fleire lærerike og aktivitetsskapande bøker som er gode for både foreldre og  barn.  Dette er bare nokre eksempel:

Berg, Øivind: Barnas bok om SPORTSFISKE, Damm, 1992
Boka har ein fin oversikt over fisk som du kan fiske i sjø og innlandsvatn.







Berg, Øivind: Livet i fjæra;  strandboka, Damm, 2003
Her får du greie på alle strandaktivitetar du kan gjere, frå dykking, krabbefiske og utforsking av livet i fjæra.


Berg, Øivind: Skjærgårdsungene, Ex Libris, 1989
Vi fylgjer barn og vaksne året rundt i skjærgarden, med hummerfiske, garntrekking og anna fiske.





   
Berg, Øivind: Fang & spis; familiens fiskebok – for deg som liker å fiske og vil vite hvordan fisken spises. Bokbyen forlag 2010. – Altså ei ganske ny bok med flotte bilete og masse nyttig informasjon.
Kos dykk!





Alle bøkene er lærerike og gir fin moglegheit for barn og vaksne til felles aktivitetar. Når barna vert sjølvstendige i sine gjeremål – og har redningsvesten på - kan dei vaksne ta fram den gode romanen - biblioteket hjelp gjerne til med å  foreslå ferielektyre.  Velkomen til biblioteket !

 
Tokke bibliotek
Bodil Otterholt

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar