mandag 11. april 2011

Traktor!

God litteratur kan vere så mangt. Det som er gode leseopplevingar for meg, kan vere heilt det motsette for andre.
Slike tankar slår meg når eg skal legge sonen min på to år om kvelden. Eg er jo bibliotekar, og lesestund før nattaklem er sjølvsagt. Eg kunne tenke meg å lese eit eventyr, eller ei god forteljing av eitt eller anna slag, men ser at det er langt fram.

Boka som slår best an hjå den håpefulle for tida er nemleg ei fantastisk (i hans augo) bok om traktorar. Fakta om traktor, med fine fotografi, som viser traktoren frå alle sine beste vinklar. Denne boka kjem fram kveld etter kveld. Eg prøvar å bytte ut med for eksempel boka om løver eller kanskje ei av tassenbøkane, men nei. Traktor! Bare traktor. Så den grøne traktoren kjem fram igjen. Og igjen. Og igjen. 

Ein vil jo gjerne oppmuntre guten til å bli glad i bøker og fremje leselysta i tidleg alder. Difor vinn traktoren og vesle gut før leggetid. Og nettopp difor blir dette eit boktips til andre småbarnsforeldre: "På farten Traktorer" av David og Penny Glover.

Ein sikker suksess på sengekanten.

Rut - Nissedal

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar