onsdag 20. april 2011

Lyrikkveld med Margaret Skjelbred på biblioteket i Åmot

set av måndag 2.mai kl 19.00!

Skjelbred er født i Stokke og busett i Tønsberg.  Ho er utdanna psykiatrisk sjukepleiar og debuterte i 1983 med diktsamlinga ”Det er aleine du er”.  Sidan 1990 har ho arbeidd på heiltid som forfattar, og har skrive både romanar, lyrikk og barnebøker.
Det som er mindre ålment kjent, er at musikaren Terje Eliassen frå Notodden som døde så altfor tideleg, har sett melodi til nokre av dikta hennar.  Desse blir framførd av Anne Flugstad (sang) og Fred Dalbakk (gitar).
Arrangementet er støtta av prosjektmidlar frå Fritt Ord, og vi ynskjer alle hjarteleg velkomen til ein triveleg kveld på biblioteket.
Gratis inngang.


Bjørg Irene i Vinje
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar