lørdag 2. april 2011

Digitale tenester og nye leseformar

Biblioteka og lesarane har tidlegare måtta innstille seg på nye sjangrar, etter kvart er det stadig nye format og plattformar som er utfordringa. Kassettane og VHS video er meir eller mindre forsvunne; DVD og CD overtok ei stund, men kva no? Kva vil ta over innan formidling av film, musikk og lydopptak i biblioteka? 

Biblioteka merkar framleis etterspurnad; film fordi mange etterspør kvalitetsfilm som ikkje vert sendt på TV, eller dei ynskjer å sjå filmen utan reklameinnslag. Musikk fordi spesialforretningar mest ikkje finnast utanom dei store byane, og mykje kvalitetsmusikk forblir ukjent p.g.a. manglane marknadsføring av smalare produksjonar.


I desse dagar synast streaming vere løysinga både for film, lydbøker og musikk. Biblioteka er gratis og tilgjengeleg for alle som bur i landet. Det er lite sannsynleg at desse nedlastingane vil bli gratis utover introduksjonstida. 
Brukar du gratisversjonen av SPOTIFY må du leva med masse reklame når du høyrer musikk.
BOKSKYA
tilbyr enkelttitlar av E-bøker for nedlasting no i lanseringsperioden. Fleire aktørar er kritiske til modellen som er valt. At Bokskya foreløpig berre skal brukast av aksjonæranes bokhandlar bør ikkje vere særleg oppsiktsvekkande all den tid det er desse aktørane som har betalt for løysinga.
Det same gjeld ORDFLYT som d.d. tilbyr eit utval lydboktitlar gratis til testing.

Biblioteka si rolle og som formidlar av digitale tenester er enno ikkje heilt avklart, men vi trur at det finns løysingar. Drammensbiblioteket har alt eit E-lån prosjekt på gang. Dei låner ut både lesebrett og E-bøker. Nasjonalbiblioteket har digitalisert store mengder litteratur, og gjev gratis tilgang til 50 000 bøker frå norske forlag. Ein har tilgang til alle typer litteratur frå DEN DIGITALE BOKHYLLA  under motto: Frå perm til perm på skjerm som dermed er Norges største digitale bokhylle. Biblioteksentralen arbeider med WEBLÅN - digitale løysingar for offentlege bibliotek - for utlån av digitale filer.

Vi håpar og trur at biblioteka etter kvart vil vere viktige aktørar som kunnskaps- og kulturformidlarar også  i ein ny digital kvardag.

E-bok lesar klar for test-nedlasting frå Bokskya som vert lansert 4.april 2011.



Anne Brit Borgen
Kviteseid folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar