fredag 4. mars 2011

Litteraturkveld om nynorske barnebøker

Janne Karin Støylen frå Nynorsksenteret i Volda kjem, ho skal snakke om bøker på nynorsk for små, mellomstore og store barn (dvs. ungdommar). Forfattar Bente Bratlund kjem, ho skal snakke om å skrive barne- og ungdomsbøker, og i tillegg håper vi det kjem mange foreldre, besteforeldre og andre vaksne, som vil bli inspirert til å inspirere vidare.
Staden er Seljord hotell kl. 19.30 på sjølvaste kvinnedagen.
Men det passar bra, for bøker+damer = sant.



Det er gratis inngang, utlodding og sal av kaffi og kaker.
Arr.: Seljord bibliotek, Seljord kunstforening og Seljord mållag, støtta av Fritt ord, Norsk kulturråd og Seljord sparebank.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar