tirsdag 15. mars 2011

Kan eg, og er det greitt?


Det er mange store og tunge problemstillingar som dukkar opp i barnebøkene.

Det er vel knapt hemmeleg at mange barnebøker er både oppdragande og moraliserande.

Andre er mest for moro, og some utfordrarar både barn og vaksne.

Dette er nokre av bøkene vi les om att og om att
når barnehageungane kjem til lesestund på biblioteket:




Polly Dunbar, som mellom anna har skrive "Hei; Pingvin!" og "Dille biter",
er ein engelsk forfattar og illustratør.
Ho har laga fleire barnebøker som både er til ettertanke og underhaldning.
I "Dille biter" møter vi krokodillen Dille som klør så veldig i tennene.
Dille kan ikkje motså den flotte baken til Elling elefant og bit til.


Og kva gjer så Elling?
Han trakkar naturlegvis Dill skikkeleg hardt på halen!


Er det greitt?
Nei, vi må jo preke saman fyrst! Seier alle 3-åringane.

I "Hei, Pingvin!" har Ben fått ein pingvin.
Det er bare det at pingvinen ikkje vil snakke.
Uansett kor mykje Ben masar.


Til slutt ber Ben løven ete den dumme pingvinen.
Løven et heller Ben, den masekoppen.



Løven svelger heile Ben, men dette  er nå ei barnebok,
så pingvinen bit løven i nasen og vips, så kjem Ben ut att, heil og fin.

Ungane på lesestund
synes denne boka er både morosam og litt skummel.
Dei skal aldri mase meir!

Til slutt den tøffaste boka,
den som bare dei over 5 år får høyre på biblioteket:
"Kan jeg....?" av svenske Petter Lidbeck og Lisen Adbåge.

I denne boka møter vi ei jente som ikkje synes ho kan nokon ting.

Ikkje kan ho krølle håret med ein drill,




og ikkje kan ho bade med pirajaer!





Slik går heile boka.
Ei side med spørsmål  der jenta lurar på om ho kan...,
og ei side med svar.
Med ei slik stram og repeterande oppbygging
blir boka lett tigjengeleg for alle barn i rett alder,
og dei blir rivne med
Makabert eller morosamt ?

Det finst så mange slags bøker på biblioteket!

Vil du lese kva andre meiner om barnebøker,
kan du sjekke Barnebokkritikk.no








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar