torsdag 17. februar 2011

Vinterferie for nokon, men vinter for alle.


"Når som Noreg i sylvkåpa glimar
då på føtene spenner me ski.."

SKILAUPARVISE av Jørund Telnes

Mange har vinterferie på denne tida av året og det kan føre med seg utfordringar. Har du kondis til lange skiturar? Finn du skiutstyret ditt i det heile tatt. Passar det framleis. Kva slags smøring treng du for å koma deg fram, og helst heimatt i god behald.

Du har framleis tid til nokre grep. Utstyret først sjølvsagt; så kan eit besøk på biblioteket vere nyttig.
I Smørebibelen får du hjelp av superekspertane som gjev deg smøretips tilpassa ulike typer snø og ver. Dei lærer deg korleis du preparerar og rensar ski, praktisk pålegging og vedlikehald. Den alpine lærevei  er ei lærebok som er illustrert med illustrerande bilete og teikningar. Du lærer å køyre sikkert med god teknikk i off piste, kuler, portar eller i park, heites det.
Videoar om ulike skiteknikkar kan du og finne på biblioteket, jamvel DVD om Sondre Norheim frikaren på ski. - Litt av kvart, med andre ord.

Rapport frå Vinterland
Blir veret dårleg, eller du trivst betre på sofaen, så er det mykje intessant  stoff om ski og vintersport t.d. Skimakerne – historien om norske ski. Folkloristen Thor Gotaas fortel om skia og den norske skiproduksjonen si kulturhistorie. Kanskje du synes vinteren har vart lenge nok, og sno ikkje får deg i feriemodus?
Ein legg ikkje på seg om ein gler seg over dei mange flotte kokebøkene som ein finn i bibliotekhyllene. Lommeboka blir ikkje slankare om du les reiseskildringar og reisehandbøker; tvert om,  dei gjer dagane ljosare og gjev inspirasjon til seinare ferieplanar.

Anne Brit Borgen 
Kviteseid folkebibliotek


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar