torsdag 17. februar 2011

Små kriger av Sadie Jones

Ei av bøkene eg las i fjor gjorde stort inntrykk på meg. Det var Sadie Jones sin debutroman Utskudd (Gyldendal 2009).  Eg har sjølv vakse opp på 50-talet i eit militær-miljø og blei fascinert av hennar miljøskildringar, frå eit borgarleg britisk etterkrigsliv. Det var ei sterk bok og eg tenkte at eg måtte lese fleire bøker av denne forfattaren. Ein hausttur til Kypros minna meg på hennar neste bok Små kriger, der handlinga nettopp er lagt til Kypros på 50-talet. Då var øya ein britisk koloni. Geografisk sett er Kypros ein øystat som ligg 50 km syd for Tyrkia. Øya er ein del av Anatolia, men kulturelt sett har Kypros vore Europeisk sidan 1600.f.Kr. Frigjøringsmilitsen EOKA hadde sterke band til Hellas, og aksjonane mot britane ende i eit sjølvstendig Kypros i 1960. Sidan 1974 har ca ein tredjedel av øya vore under tyrkisk okkupasjon. Den brutale frigjeringsprosessen / frigjeringskrigen som få hugsar, er ramma for historia. 


 Små kriger
Forteljinga startar i England. Vi blir introdusert til Hal Treherne som ung mann, og med bakgrunnen hans frå den øvre britiske middelklasse. Etter endt utdanning blir Hal stasjonert på Kypros som britisk offiser. Han ser fram til ei utfordrande teneste i et eksotisk miljø. Hans unge kone Clara kjem etter med dei to tvillingdøtrene.
Hennar gode og kjærlege ektemann blir sentral i jakta på dei kypriotiske frihetskjemparane. Hal deler den kolonialbritiske innstillinga at det er synd at ein fredeleg ordning skal bli øydelagt av bråkmakarar.
Clara trivst ikkje; ho er redd og einsam, men etter kvart klarar ho å innrette seg som offiserskone på Kypros. Hal er ein mann av ære. Kva som var rett og kva som var korrekt hadde fram til nå vore uadskillelege  omgrep for Hal. Soldatar må vere til stades i øyeblikket og gjere rette val. Men, kva gjer ein mann  til soldat og  krigar, og kva skjer med følelseslivet hans? Offiseranes aksept og opppmuntringar gjev soldatane syndsforlatelse. I gruppa blir den enkelte anonym, og har retten på si side.

Loyalitetskonflikten blei vanskeleg å takle; Gud, ære og fedreland blei ett. Det ble ikkje lett for Hal å oppgje tanken om seg sjølv som ein rettskaffen mann. Han hadde ikkje engang eit land og sloss mot eller forsvare; ingen allierte. ”Hans skoleguttland med hevdvunne hierarkier hadde lidd nederlag”.
Ved sida av å vere ei forteljing om krigens redsler, er dette også ei forteljing om kjærleik og taushet; amor fati – elsk din skjebne. Boka gjev eit bilete av ei tid og i eit samfunnslag som ”dyrker fortielsen som metode”, og stadfestar biletet av det britiske sjølvkontrollsidealet. Det kvardagslege kolonialbritiske livet forsterkar dei brutale hendingane.  
Clara seier ikkje noko som si heimlengsel og krigsredsel, om det å vere aleine med ansvar for sjuke småborn i eit framand land. Ho seier ikkje eit ord då Hal kjem heim etter ein ”krigsoperasjon”, og i affekt, frustrasjon og raseri voldtar henne.
Jones fortel på ein kvardagsleg måte om livet til dei britiske soldatane og deira familiar, men ein føler som lesar at noko ikkje stemmer, ein ventar heile tida at noko forferdeleg vil hende. Slik skildrar romanen ein tilstand frå illusjon til desillusjon.
 Boka er aktuell! Jones skal ha valt Kypros fordi øya fysisk liknar Afghanistan. Ho vil seie noko om samtida.- om kistene som kjem hjem frå Afghanistan med unge britar drept av miner, og om kva dei unge britane kan ha opplevd før dei døde.
Den britiske offiseren Kendall-Smith blei i 2006 fengsla og stilt for retten fordi han nekta å delta i krigen mot Irak, med den grunngjevinga at det var ein ulovleg okkupasjon. Kendall-Smith skal ha vore modell til hovedpersonen i Små kriger

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar