fredag 25. februar 2011

Ski-VM og Mammutsalg


Kvardagen vert prega av store hendingar i samfunnet forøvrig. Så også i biblioteket.
I forrige veke var det storinnrykk med utlån av bøker til barn og vaksne som ville sikre seg til vinterferien. Denne veka er det stille i biblioteka. Folk sit heime eller på hytta og fylgjer VM på TV, eller les i bibliotekboka mellom skiturane. Men ikkje alle har vinterferie, og nokre finn vegen til biblioteket sjølv i VM-tider. Til trøyst for dei vil dei kanskje finne mange nye bøker til utlån. Det store Mammutsalget pågår i bokhandelen - både i butikk og på nett - og biblioteka er sjølvsagt kunder her også. Nå kan vi skaffe oss mange godbitar til ein rimeleg penge og auke bokutvalet til lånarene.
Mammutsalget byr på flotte praktbøker og fagbøker som er svært dyre til vanleg. Nå kan du kjøpe dei for 1/3 av prisen. Det same gjeld romanar og krim-bøker. Og krim-bøker får vi aldri nok av - svært aktuelt nå og til påske - og eigentleg heile året.
Så vi ynskjer deg god bok - om du har vinterferie, ser på VM eller koser deg i peiskroken heime - biblioteket har bøkene - også dei siste frå Mammutsalget.

Denne bibliotekaren har jobba i vinterferien, men har lest ferdig boka "Frihet" av Jonathan Franzen (2010)
Boka fekk mykje god omtale i det den kom ut, og forventningene til den var høge.  Boka er ambisiøs, den beveger seg frå det personlege plan til dei store politiske spørsmål og gir eit bilete av dagens amerikanske samfunn - eit portrett av vår tid vert det sagt. Den startar med eit idyllisk familieliv i ei gate der naboer betyr mykje og det gjeld å gjøre eit godt inntrykk. Mor er heime med barn og den miljøbevisste far sykler til jobben. Men så sprekker fasaden på alle områder. 

Boka er svært godt og innsiktsfullt skrive, men kan bli litt tung å kome igjennom, svært lange passasjer med detaljer og lite handling. Eg vil anbefale "Revolutionary Road" av Richard Yates (2009) som gir eit bilete av ein forstad i USA på 50-talet. Assosiasjonene til denne boka var mange da eg las "Frihet", sjølv om den handla om ei anna tid. Eg syns denne forfattaren ga eit svært realistisk innblikk i samfunnet og det bilete vi har av USA.
To innsiktfulle bøker om USA!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar