torsdag 3. februar 2011

På jakt etter ei bok?

Det er mange lesarar rundt i landet.

Det er mange gode bøker òg.

Det finst stader å finne både bøker og bokvener på nettet.

Nettstaden Ønskebok er laga slik at du kan finne bøker du slett ikkje hadde kome på av deg sjølv.
Her kan du leite etter bøker som t.d. er "nydelig eller motbydelig", "trygg eller truende".
I Ønskebok er det mange som har lese bøker i stor stil, og sett ulike merkelappar på dei.
Søkjer du i denne basen, kan du få uventa skatter i lesebunken.

Bokelskere er òg ein nettstad for deg smiler stort ved synet av ei bok eller riktig mange bøker.
Her kan du lage di eiga bokhylla, treffe andre som les det same som deg eller vere med i diskusjonsforum.

I eit slikt diskusjonforum kan ein t.d. døfte den siste boka som Henning Mankell har gjeve ut på norsk, Daisy sisters (på svensk i 1982)
I Daisys sisters fortel Mankell om Elna og hennar liv frå 1941 til 1981. Elna har arbeiderbakrunn, og livet ligg ikkje ope og rikt framom ho.
Mange av personane og miljøa er nært og godt skildra.
Det held bare ikkje.
Eg meiner dette er ein langdryg og omstendeleg affære med lettvinte grep. Er det t.d.rimeleg å få livet til hovudpersonen til å skifte retning ved å la ho bli gravid KVAR gong ho har ubeskytta sex? 
Rett skal vere rett. Du får vite mykje om svensk historie og samfunnsutvikling etter krigen, og du får kjensler for fleire av personane han skriv om, men det blir for mange ord og for mange gjentakingar.
For meg.

Om eg skulle velje ei bok med slikt tema, ville eg heller valt Påskeparaden av Richard Yates.
Denne boka kom på amerikansk i 1976 og på norsk i 2010, og fortel om livet til systrane Sarah og Emily.
Boka byrjar slik: "Ingen av Grimessøstrene skulle få et lykkelig liv". Litt av ein start, men den fungerer, og boka fengslar lesaren.
Språket i boka er presist og nøkternt, skildringane av systrane blir likevel gripade. Boka har bare 217 s., men Yates klarer å skildre 40 år med levd liv og 40 år med samfunnsutvikling på desse få sidene.
Ikkje eit ord for mykje, ikkje eit ord for lite.
Ypperleg.
For meg.



Lykke til med bokval og bokdiskusjonar!




Liv Blørstad Kiland, Fyredal folkebibliotek


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar