fredag 21. januar 2011

Ordleiksboka - arrangement på Nutheim

Denne boka er eit oppkomme av språkleg glede og ord- og bokstavmoro.
Olaf Husby er ein av tre skribentar, og han kjem snart til Seljord. Nærare bestemt til kulturkveld på Nutheim 1.februar kl. 19.30.
Der blir det snakk om rare ord, pene ord, norske og framande ord. Og det blir ordleikskonkurranse og utlodding, vi trur det blir moro! Og "vi" er biblioteket, kunstforeningen og mållaget i Seljord. Dette arrangementet er ein del av prosjektet "Moro med ord", og det er støtta av Fritt ord, Norsk kulturråd og Seljord sparebank

Boka har fått strålande kritikkar og fekk prisen som Årets Vakreste 2009, uansett klasse. Illustratør er Stina Langlo Ørdal.

Det er også høve til å sjå vinterutstillinga i galleriet på Nutheim.

3 kommentarer:

  1. Alltid hyggeleg på Nutheim. Og, dette høres morsomt ut!

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

    SvarSlett
  3. Denne boka fekk eg lyst til å sjå nærare på! Takk for at de presenterte meg for ho! Ord er fantastisk, og me burde bruke dei vel så ofte til leik som til preik!

    SvarSlett