lørdag 29. januar 2011

Jubileum for diktarpresten Jens Zetlitz (1761-1821)

 I 2011 er det 250 år sidan forfattaren og presten Jens Zetlitz blei født i Stavanger.
Stavanger kommune markerar sjølvsagt jubileumsåret med ei rekke kulturinnslag. Det gjer dei óg i Vikedal og i Kviteseid.  I 2011 får vi oppleve fleire sider ved Jens Zetlitz, både som teolog og som folket sin trubadur.  Zetlitz blei svært populær på 1800-talet, og blei feira som ”Glædens Muntre Sanger” og ”Norges Bellman”.
Den mest kjende teksten er vel ”Hvor saare lidet vil der til..." eller "Mine
længsler" som diktet egentleg heiter” .
MINE LÆNGSLER

Hvor saare lidet vil der til
For lykkelig at være;
Et muntert Sind, en Piges Smiil,
En Ven, som gjør dig Ære,
En Hytte, som dig skjule kan,
Sundt Brød og Kildens klare Vand,
Saa megen Viisdom, at du vil
Og bruger denne Lære.


Jens Zetlitz vert rekna som ein av våre første forfattarar.
Han var aktiv i Det Norske Selskab i København og debuterte med diktsamlinga Poesier i revolusjonsåret 1789. Jens Zetlitz var opptatt av ideane frå den franske revolusjonen: ”frihet, likhet og brorskap”. Det står skrive at han drakk med bønder og matrosar.
Ein spør seg; blei han vist bort frå byen av biskop og borgarskap, eller valgte han sjølv å bli ein del av den bondestanden som han elska?

Zetlitz blei prest i Kviteseid og døydde der i 1821. 250 år etter fødselsdagen hans vart han heidra ved minnestenen ved Kviteseid gamle kyrkje.

I Kviteseeid er det sett ned ein eigen jubileumskomite som skal markere diktarpresten 11. juni 2011; same dag som bygdetunet opnar for sesongen. Arrangementa vil bli annonsert.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar