torsdag 13. januar 2011

Godboka på nyåret



Etterpå av G.Musso

Gjennom å spille supermann hadde han nesten glemt at han var dødelig.

Korleis hadde du reagera dersom du blei oppsøkt av ein ukjend som fortel deg at han kan ”sjå” uventa og brå dødsfall?  


Vi er i det luksuriøse Manhattan, Upper West side like før jol, og vi fylgjer Nathan Del Amico, ein suksessfull og lovande ung advokat som utanpå er briljant, rik og stolt av seg sjølv.   Eigentleg sørgjer han over separasjonen  av sin store kjærleik Mallory,  og han saknar dotter si. Han har jobba beinhardt i mange år for å koma der han er nå, men innser at prisen kanskje var for høg. Og så er det dette stinget i brystet han har kjent ei tid...
Dr. Goodrich, som er lege, oppsøkjer Nathan som byrjar å mistenke  at legen er gal då han hevdar at han kan forutsjå  uventa dødsfall.  Men etter å ha vore vitne til to dramatiske dødsfall som dr. Goodrich spådde, må til slutt Nathan innrømme at doktoren har rett.  “Men hva vil du meg egentlig?”spurte Nathan.  “Det tror jeg nok du vet” svarte Goodrich.  
Nathan må innsjå at han kanskje ikkje har så mykje tid att i denne verda, og dette tvingar han til å tenkje gjennom alt.  Erkjenninga bringer fram eit minne som han hadde fortrengt: då han var 8 år hadde han ei nær-døden-oppleving og 20 år etterpå oppdagar han grunnen til at han  ved eit mirakel vakna opp att den gong. Det blir nokre dramatiske døgn utan at eg skal avsløre meir, men trur du nå at du veit korleis det går, så tar du grundig feil.

Når man endelig har lært å leve, er det allerede for sent (Aragon).

Døden er eit sentralt tema i boka: det å kunne få orden på livet sitt før ein går bort, og å kunne ta ein fredleg avskjed.  Men det er også ei fin og litt sår kjærleikshistorie om to som forvilla seg frå kvarandre – ei stund.

Forfattaren Guillaume Musso er fransk og til tross for sin unge alder er han oversatt til heile 34 språk!  Han var sjølv ute for ei alvorleg bilulukke som gav han inspirasjon til boka.  Kritikarar synest han er litt for ”lett”, og eg kan til dels vera einig med dei.  Sjølv om eg sit att med ei kjensle av at Musso kunne fått meir ut av denne historia, vil eg likevel på det varmaste anbefale boka.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar