torsdag 16. desember 2010

Jolehelsing til bibliotekvener i Vest-Telemark

Eit "eventyr" i granskogen
Biblioteka nyttar høvet til å ynskje bibliotek vener i Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje ei hyggeleg jole- og nyttårsfeiring.

Nokre stader vil det lokale biblioteket vere stengt, andre stader vere ope med redusert opningstid. Dette har du sikkert funne ut av gjennom oppslag og annonsering frå ditt bilbiotek.


Vi håpar du tek deg tid til ei god bok eller ein god film. Naturen er óg ei fin kjelde der ein kan hente seg inn til nye kvardagar.

 

Velkomen att på nyåret til nye lesegleder. Få med deg denne helsinga frå Tarjei Vesaas sitt dikt:

Snø og granskog

"Tale om heimsleg -
snø og granskog
er heimsleg.

Frå første stund
er det vårt.
Før nokon har fortalt det,
at det er snø og granskog,
har det plass i oss -
og sidan er det der
heile heile tida.
....."
Frå Tarjei Vesaas si dikt i samling, 2002. Gled deg over heile diktet

3 kommentarer:

  1. Knallbra bilete. Saknar opplysning om fotografen. Kven er det?

    SvarSlett
  2. Fotografen er Knut Flatin. Biletet er tatt frå Ramberg i Nordbygdi. Langedrag i bakgrunnen.

    SvarSlett