torsdag 30. desember 2010

Godt nytt bibliotekår

Bli kjend med biblioteka i heile Telemark

Fylkesbiblioteket (Telemarksbiblioteket)  fekk i haust til eit samarbeid med Telemarksavisa (TA) om heilsides oppslag om biblioteka i Telemark. Denne hausten har mange bibliotek blitt presenterte, m.a. dei tre Vest-Telemarkbiblioteka Seljord, Fyresdal og Tokke, som var sist ut med sin presentasjon i 22.12. utgåva. Dei som stend att no er Drangedal, Sauherad, Nissedal og  Hjartdal


Fyresdal bibliotek
Tokke bibliotek
Kviteseid folkebibliotek
Vinje folkebibliotek
Seljord folkeboksamling















Kvart bibliotek skriv presentasjon av biblioteket i sin kommune, kva som er populært og mest utlånt, i tillegg litt anna  bibliotekrelevant, som vi trur kan vere nyttig for brukarar og framtidige brukarar.

Er du nysgjerrig på kva som rører seg på ditt- og andre bibliotek så kan du lese dei tidlegare artiklane på fylkesbiblioteket sine nettsider. - Eller fylg med i TA sine onsdagsutgåver i januar 2011.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar