tirsdag 14. desember 2010

Eit varmt pust i desember

Juleuro eller julero?
Det kan vel vere både det eine og det andre, nå rett før jul.

Av og til kan det uansett vere godt å ta seg litt tid.
Tid til å setje seg ned, fylle hovudet med andre tankar og sinnet med andre kjensler.

Om du set deg ned med boka Å telle duer av Marie-Sabine Roger,
er du nesten garantert ei god stund med hovudpersonen Germain.
Germain er 45, han bur i ein liten fransk by, og han har ikkje hatt eit lett liv.
Mora ynskte ikkje dette barnet, og oppveksten var prega av mangel på kjærleik og stimulans.
I ein alder av 45 har Germain eit enkelt liv, og han manglar sjølvkjensle.
Ein dag møter han 86 år gamle Margueritte. Ho har vore forskar, og ho er ein glimrande formidlar av litteratur og språk.
Margueritte og Germain møter kvarandre i parken, tel duar og finn vegen inn i hjarta til kvarandre.
Margueritte opnar ei verd av litteratur og språk for Garmain, og han veks  i denne verda.
Mykje av sjarmen til boka ligg i de kloke, underfundige og morosame betraktingane og setningane til Germain.
Boka er lettlesen, litt annleis, varm og sjarmerande - kos deg!





Til slutt måtte dette biletet av Thea Wæthing og Camilla Aa.. Aas med.
Strålande glede over eit bord og nokre fargeark.
Ei roleg stund for to på biblioteket.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar