fredag 26. november 2010

Ein fellesnemnar her?


Rett fellesnemnar på bøkene er på biletet er Norsk Kulturråd .

Staten løyver kvart år midlar for å stimulere til skriving og produskjon
av ulike typer litteratur, fonogram og tidsskrift.
Alle norske bibliotek får innkjøpte bøker, nokre får også fonogram og tidsskrift.

Mest kjent er kanskje ordninga med innkjøp av norsk skjønnlitteratur.

Desse bøkene blir gjerne kalla  "kulturfond-bøkene".

Gjennom innkjøpsordninga blir dei innkjøpte forfattarane sikra ei minsteinntekt,
og bøkene blir spreidde på alle norske folkebibliotek.

Via kulturfondet får biblioteka godt marknadsførte og populære bøker,
og dei får bøker av nye og lite kjente forfattarar.

Her finn du lister over innkjøpte bøker, fonogram og tidsskrift.

Gå gjerne på skattejakt blant nye kulturfondbøker på biblioteka.
Kanskje blir du den første lesaren av ei skikkeleg perle!

2 kommentarer:

  1. Grei informasjon om Kulturfondbøkene. Det må nå vere mange bøker biblioteka må kjøpe sjølv då?

    SvarSlett
  2. Ja, og det vore auka fokus på at biblioteka MÅ ha midlar til sjølvstendige kjøp. Du kan ikkje drive eit bibliotek bare basert på kulturfond - uansett kor mykje bra som kjem.
    Mvh Liv B. Kiland - Fyresdal folkebibliotek

    SvarSlett