fredag 19. november 2010

Bokpakker til gutta på driftsavdelinga i Kviteseid kommune

Kritikerjubel for Litt å lese-serien!

Er serien det mest sympatiske litteraturprosjektet vi har her i landet?
spør melderan i Vårt Land. 


De firer ikke på kvaliteten. Dette er ordentlige romaner, små i format og sidetall, med korte og enkle setninger, ribbet til beinet på en nesten Hemingway-aktig måte. Men temaene er like tunge som ellers.

Den begeistra meldaren har lest Vekevis av Selma Lønning Aarø og Lukten av propan om morgenen av Levi Henriksen.

Begge desse bøkene, og to titlar til, har vi fått til utdeling frå Leser søker bok. I Kviteseid vil biblioteket dele ut til nokre heldige utvalte; driftsarbeidarane i kommunen. Vi har ofte kontakt med dei og dei er hjelpsame på alle mogelege vis, men dei låner ikkje mykje bøker hos oss dessverre! Dette håpar vi å endre på.

Ole Nordskog, som er leiar for driftsarbeidarane, og son av Arne Nordskog som var bibliotekar i Kviteseid i ei årrekke, skal få lov å vere bibliotekar for ein dag og dele ut bokpakkene til ”gutta”.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar