tirsdag 9. november 2010

Bjørnson i Seljord også



Som kjent er det i år hundre år sidan Bjørnstjerne Bjørnson døydde. Endeleg har vi plukka fram Bjørnsonbøker på biblioteket i Seljord også, må jo ha ei lita markering før året er omme.

Nokon som verkeleg har satsa i anledning 100-års minnet er Nasjonalbiblioteket. Dei har laga ei flott nettside Bjørnson for vår tid. Der får også tilgang til ei nettutstilling som syner ulike sider av Bjørson, m.a. som samfunnskritikar, dramatikar og språkreformator.

På biblioteket i Seljord har vi plukka fram bøker og lydbøker, av og om, Bjørnson. Og du kan få med deg eit lite Bjørson-bokmerke på lånet!

1 kommentar: