onsdag 3. november 2010

Arrangement på Tokke bibliotek før jol

Onsdag 1. desember satsar vi på bokkafé og sal av aktuelle bøker.
Kviteseid Bok og Papir kjem til biblioteket, og du kan handle jolegåver, for boka er den beste gåve.
Kafeen er open, kos deg med vaflar og kaffe.
Alt skjer i biblioteket/kafeen på Kulturhuset mellom kl. 1600 og 2000. Velkomen!


Vi markerer Bjørnstjerne Bjørnson i jubileumsåret!
Det er 100 år sidan den store diktaren døydde, og heile 2010 er erklært som Bjørnson-år. Bjørnsons fødselsdag var 08.12.1832 og vi inviterer til feiring med kåseri av Torgrim Otterholt, utstilling og blautkake.
Stad: Tokke bibliotek, 08. desember kl. 1900.
Velkomen!

1 kommentar:

  1. Eg Her lyst til å koma; trur dette blir eit ein interessant kveld!

    SvarSlett