tirsdag 26. oktober 2010

Måleriutstilling i Seljord

I desse dagar er det måleriutstilling på biblioteket i Seljord. Elevar ved vaksenopplæringa har nytta haustferieveka til prosjektet "Ut i samfunnet", og som ein del av prosjektet har dei måla bileta som nå heng på biblioteket.
Elevane er frå Eritrea og Somalia, og i tillegg til bileta finn du også litt informasjon om desse landa, og litteratur om emnet.
Velkomen innom!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar