fredag 27. august 2010

Liv Gade vitjar Vest-Telemark

Liv Gade er kjend som Noreg sin einaste sjølvutnemde bokinspirator. Ho har meldt bøker i bladet Familien i mange år, men har utvida formidlinga si til å omfatte bibliotek, bokkafear og andre møtestader. Ho vitja Vest-Telemark hausten 2009 og no kjem ho att - 14., 15. og 16. september.

Dagsplanen hennar er slik:
Tysdag   14.09:  Rauland (14.30),Edland (17.00), Åmot (19.30)
Onsdag  15.09:  Fyresdal (14.00), Tokke (19.00)
Torsdag 16.09:  Seljord (11.30), Kviteseid (17.30).

Det var mange som fekk oppleve ho i fjor, i år håpar vi at enno fleire nyttar høvet til å la seg inspirere til vidare lesing.

2 kommentarer:

  1. For meir informasjon om arrangementa, tider og stader; les Vest-Telemark blad på laurdagen.

    SvarSlett
  2. Ja, da er det kvelden før fyrste dag av Gade sin rundtur. Vi håper mange finn vegen til arrangementa i Vinje i morgon. Lykke til!

    SvarSlett